Førsteamanuensis/førstelektor i engelsk litteratur

Høgskolen i Sørøst-Norge ble etablert 1. januar 2016, og har om lag 18 000 studenter og ca. 1500 ansatte. Høgskolen er foreløpig organisert i åtte fakulteter, og har undervisnings- og FoU-virksomhet på åtte campus. Høgskolens hovedprofil er å tilby profesjonsrettete, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanninger, samt anvendt forsknings- og utviklingsarbeid.

Førsteamanuensis/førstelektor i engelsk litteratur

Ved Fakultet for humaniora, idrett og utdanningsvitskap er det frå 01.08.2017 ledig ei fast 100% stilling som fyrsteamanuensis/fyrstelektor i engelsk litteratur.

Stillinga vil bli knytt til Institutt for språk og litteratur, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er p.t. studiestad Bø, men den tilsette kan òg bli tillagt undervisningsoppgåver ved andre studiestader.

Institutt for språk og litteratur har om lag 65 vitskapleg tilsette. 13 av desse er knytt til norsk, engelsk og spansk ved studiestad Bø. Faggruppa i Bø har undervisnings-, forskings- og utviklingsansvar for studieemne på bachelor- og masternivå.

Ansvar og arbeidsoppgåver
Stillinga har primært ansvar for delar av litteratur- og kulturundervisninga i engelsk, undervisning i praktisk engelsk, for forsking og utvikling på feltet som stillinga omfattar. Engelskstudia ved høgskulen er i utvikling, og det kan i tråd med dette bli aktuelt med endringar i ansvarsområdet for stillinga. Det blir stilt krav om samarbeidsevner, effektivitet og høg arbeidskapasitet. Den som blir tilsett, må kunne delta i samlings- og nettbaserte undervisningsformer.

Stillinga kan bli pålagt undervisning på alle nivå ved undervisningsløp knytt til eiga institutt. Undervisning ved andre institutt kan også bli aktuelt. Ein som er tilsett som førsteamanuensis engelsk litteratur kan òg få ansvar for rettleiing på dr.-gradnivå.

Høgskulen har fjernundervisning og e-læring som satsingsområde, og den som blir tilsett må derfor kunne gi rettleiing og undervisning via digitale medium. Den tilsette kan òg bli pålagt undervisning (førelesing og rettleiing) og emneansvar innan 5-årig lærarutdanning og evt. framtidig lektorutdanning i engelsk.

Det er stadig omstillingsarbeid som kan få innverknad på stillingas innhald, ansvar- og arbeidsområde.

Kvalifikasjonar
For tilsetting i stillinga er det eit krav om kompetanse i litteratur og kulturkunnskap frå den engelskspråklege delen av verda. For tilsetting som fyrsteamanuensis krev ein norsk doktorgrad innan relevant fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg produksjon av same omfang og kvalitet.

For tilsetting som fyrstelektor krev ein dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarar til arbeidsmengd og nivå for ein doktorgradsavhandling. Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd vil bli tillagt vekt.

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkarar for fast tilsetting som fyrsteamanuensis eller førstelektor, kan ein søkar tilsettast i ei mellombels kvalifiseringsstilling til fyrsteamanuensis eller fyrstelektor med plikt til å kvalifisere seg innan 3 år.

Søkarar bes opplysa om dei primært ber om vurdering som fyrsteamanuensis eller fyrstelektor.

Den som tilsettast må ha evne til sjølvstendig arbeid, og samtidig være motivert for å dele kunnskapar og delta i samarbeid. Personleg eigenskapar for stillinga vil bli vektlagt.

Vidare krev ein pedagogisk kompetanse dokumentera gjennom minst ½ års praktisk-pedagogisk utdanning eller gjennom kortare kurs i høgskulepedagogikk og minst 1 års undervisningserfaring. Søkarar som ikkje har slike pedagogiske kvalifikasjonar, kan tilsettast med plikt til å kvalifisere seg innan 3 år. Røynsle frå undervisning, rettleiing og sensur vil bli vektlagt. Det er ein fordel med kompetanse i bruk av digitale læringsmiddel og med røynsle frå nettundervisning.

Undervisningsspråket er primært engelsk.

Vi tilbyr

  • Fagleg miljø i utvikling og gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling.
  • Godt sosialt miljø.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Lønn
Stilling som fyrsteamanuensis (stillingskode 1011) og fyrstelektor (stillingskode 1198) lønnast i LR 24, alternativ 1–8, lønnstrinn 57–72, som utgjør 489 300 - 648 100 pr. år. Lønnsplassering etter ansiennitet og kompetanse. Frå lønna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Andre opplysningar
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar ved Høgskulen i Søraust-Noreg. Ein sakkyndig komité vil vurdere søknadene. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Den som tilsettast, må rette seg etter dei lover, forskrifter og avtaler som til kvar tid gjelder for stillinga.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansera samansetning av alder og kjøn og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn. Personer med minoritetsbakgrunn blir oppmoda til å søke stillinga.

I samsvar med offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har oppmode om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkarar vil bli varsla dersom slik oppmoding ikkje blir tatt til følgje.

For nærare opplysningar om stillinga kan fyrsteamanuensis Øystein Heggelund, Institutt for språk og litteratur, 35 95 26 37, oystein.heggelund@usn.no eller instituttleiar Astrid Granly, Institutt for språk og litteratur, 31 00 91 48 Astrid.Granly@usn.no, kontaktast.

Slik søker du
Høgskulen i Søraust-Noreg nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber søkarar om å registrere sin søknad og CV elektronisk ved å klikke på lenka til høgre ”Søk stillingen”. Følgjande dokument skal leggast ved den elektroniske søknaden:

  • attesterte kopiar av vitnemål og attestar frå høgskule/universitet
  • vitskaplege publikasjonar (inntil 10 for søkarar til førsteamanuensis/førstelektor)
  • liste over vitskaplege publikasjonar
  • liste med vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • kontaktinformasjon til tre referansar

Vi gjer merksam på at alle dokument må være på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsettingar må være attesterte.


Företag

Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN)

Platser

Norge

Kategorier

Biträdande professor
Forskare
Lektor
Postdoktor
Seniorforskare
Universitetslektor
Kulturvetenskap
Engelsk litteratur

Sista ansökningsdag

2017-02-05


Sök tjänsten


Arbetsgivarens övriga annonser

Stipendiat i karriereveiledning

Norge Publicerad: 2016-12-15

Stipendiat i naturfagdidaktikk

Norge Publicerad: 2016-12-15

Stipendiat i matematikkdidaktikk

Norge Publicerad: 2016-12-15

Associate professors in English

Drammen, Buskerud (Norge) Publicerad: 2017-01-20

Stipendiat i KRLE-didaktikk

Norge Publicerad: 2016-12-15


Företag

Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN)

Platser

Norge

Kategorier

Biträdande professor
Forskare
Lektor
Postdoktor
Seniorforskare
Universitetslektor
Kulturvetenskap
Engelsk litteratur

Sista ansökningsdag

2017-02-05


Sök tjänsten